Send den fortapte mullaen til meg

Mulla Krekar treng ikke flytte til kyrkjetangrudnesoddebøen i sør-trøndelag. Han kan bu hos meg på Eidsvågneset.

Mulla Krekar treng ikkje flytte til kyrkjetangnesoddebøen i sør-trøndelag. Han kan bu hos meg på Eidsvågneset.

Eg skulle ha tatt imot han og gitt han ein klem. Tatt imot han som ein bror eg ikkje visste eg hadde. Den bortkomne sonen.

Eg skule ha gitt han eit nytt bøneteppe som innflytningsgåve. Eit fint og mjukt eit. For asfalten her på Eidsvågneset er vond å knele på.

Vi skulle ha snakka saman som gamle vener. Om smått og stort. Han skulle ha fortalt om lengtinga til Kurdistan , eg skulle lovprist han for kampen om å bli i Noreg.

Vi skulle ha funne oss ei blomstereng, og sprunge over ho hand i hand, og smilt til kvarandre. So skulle vi ha skreve kryptiske dødstruslar til politikarar og samfunnstoppar. Snakka i merkelege vendingart til media, og ledd godt av dei etterpå. Vi skulle vore indignert på den norske staten. Og søkt om sosialstønad frå NAV Åsane. So skulle eg ha servert han surra svinesteik med kvitlauk.

Vi skulle ha snakka ut i dei seine timane. Om smått og stort. Vore usamd om litt, og samd om anna. Vi skulle ha drukke vin og sverma og ledd.

So skulle vi ha lagt oss når sola stod opp, skjegg mot skjegg, og latt kjærleiken blomstre. Latt laganden gjera slik han gjer, når to skjeggemenn delar seng.

Nei. Ikkje send mullaen til kyrkjefjordoddenuten. Send han til meg.

Men eg må spyrje kona og ungane fyrst.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: