Ode til brunsnegelen

Du brune, slimete, kamerat
Som bur i hagen
Som kikkar fram når sola gløttar
På utkikk etter mat

Du sleikar deg om munnen
For i hagen veks det blomar
Som du kan ete
etter vetterdvalen

Smyganda, bleik og glissen
gjennomsiktig og liten
Forsynar du deg forsiktig
Av spirande hagevekstar

Du vert berre større
Di meir du et
Og du vert berre fleire
Di meir du et

Og snart er det tusener av deg
Som et og et og et
Du et opp solsikka vi planta
Og stauder og urt

Du et deg gjennom heile
Sortimentet kjøpt i vår
Og snart er det ikkje meire att
Enn tistlar og rosekratt

Du brunsnegelen, min venn
Eg helsa deg kjekt velkomen
Med salt og kjemikaliar
Kjekt å sjå deg att

image

Brunsnegelen. Ein skikkelig ranglar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s